
LEDIGE STILLINGAR, VIKARIAT
IMF Sunnmøre (tidlegare Sunnmøre Indremisjon) er eigar av skulen, og er også eigar av Møre barne- og ungdomsskule i Ålesund og Møre barne- og ungdomsskule på Søre Sunnmøre.
Vi søkjer no etter
1) Spesialpedagogar eller lærarar med erfaring frå spesialpedagogisk arbeid. Stillingstorleik: Inntil 100 %, men kan delast mellom fleire.
2) Miljøterapeut. Stillingsstorleik: Etter avtale
3) Tilkallingsvikarar til skule og SFO
Arbeidstidsrom: Så snart som mogleg og ut skuleåret 2020-21
ARBEIDSOPPGÅVER FOR SPES.PEDAGOG:
- Spesialundervisning knytta til enkeltelevar og lita gruppe.
- Delta i spesialpedagogisk team
- Være med å bygge opp og systematisere det spesialpedagogiske arbeidet ved skulen.
ARBEIDSOPPGÅVER FOR MILJØTERAPEUT
- Følgje opp enkeltelevar/små grupper
ARBEIDSOPPGÅVERT FOR TILKALLINGSVIKAR
- Vikariere for lærarar, miljøterapeutar og assistentar i skule og SFO
Alle tilsette ved skulen må kunne identifisere seg med, og arbeide aktivt for å fremje formålet og det kristne verdigrunnlaget for skulen.
Søknadsfrist: 9.12.20
Utanom ordinær CV, så kan du som søkjar gjerne fortelje noko om :
- Spes.ped og/eller miljøterapeut-erfaring
- Engasjement/interesser utanom arbeid
- Kvifor du kan tenke deg å arbeide på ein kristen friskule
Skulen er lokalisert i Brusdal i Ålesund kommune.
Velkomen som søkjar!
Og blir du tilsett, så blir du ynskt velkomen i eit uvanleg triveleg kollegium!
Har du spørsmål? Send mail eller ring 71 70 70 51.
Den som blir tilsett, må kunne leggje fram politiattest.
Søknad med CV kan du sende til rektor@moreskodje.no