Digital heimeskule torsdag og fredag veke 50

På bakgrunn av vurderingar om skulens, kommunens og landets smittesituasjon, nye karantenereglar og kravet til skulane om å sikre smittevernfagleg forsvarleg drift:
Skulen vedtek i dag digital heimeundervisning torsdag 16. og fredag 17.des.
Elevane vil få med seg naudsynt utstyr for desse to dagane, og kontaktlærarane sender informasjon om innhald og opplegg.
Vi beklagar eventuelle ulemper dette må medføre, og håper det primært vert eit bidrag til å redusere smittetrykket og kunne trygge julehøgtida og dagane noko meir for den enkelte - både med eller utan risiko for covid.
Unntak for enkelte:
Skulane og SFO skal likevel halde ope for elevar som har krav på eit tilbod etter § 3a i midlertidig forskrift om tilpassinger i reglane om barnehager, grunnskoler og videregående opplæring som følge av utbrudd av covid-19.
Merk:
Om det er elevar som har behov for å nytte eit slikt tilbod, så ber vi om at de kontaktar skulen på e-post: post@moreskodje, eller eleven sin kontaktlærar.
Sjå meir informasjon på Utdanningsdirektoratet sine sider:
https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/sikkerhet-og-beredskap/informasjon-om-koronaviruset/koronatiltak-for-barnehager-og-skoler/
Ålesund kommune har kome med lokal forskrift om karantene, 15.des kl 12.00:
https://alesund.kommune.no/aktuelt/siste-nytt/alesund-hasteinnforer-lokal-forskrift-om-karantene.31559.aspx
Har de spørsmål til tiltaket, så ta gjerne kontakt med skulen på mail post@moreskodje.no eller tlf 71 70 70 51.
Venleg helsing
Administrasjonen
ved Møre barne- og ungdomsskule Skodje