
Fredag hadde me besøksdag på Møre Skodje. Elevar som i år har gått på andre skular, men som i august skal byrje på Møre Skodje vart ynskte velkomne.
Joanna Pawliczuk skal flytte til Brusdalen, og ho har tre born som skal byrje på skulen vår til hausten. Vi fekk ein liten prat med ho i sola på besøksdagen.
- Eg opplever det er ein fantastisk atmosfære her på skulen. Her er det gode kristne verdiar. Miljøet verkar trygt for borna, og eg har ei kjensle av at borna blir sett her.
- Korleis har besøksdagen vore?
- Vi føler oss veldig velkomne, og vi har det veldig koseleg. Elles er besøksdagen ein god måte å bli kjend med skulen på. Det er veldig kjekt å vere her. Det verkar som heile skulen er som ein stor familie, seier ho.