
Måndag drog 6.-7.klassen vår til Stryn på leirskule. Dei skal vere på leirskulen til og med onsdag.
Tysdag skal 10. klasse på skuletur. På grunn av pandemien, så vart det korkje tur til Krakow eller Trondheim/Falstad, men no ser ein fram til ein tur i Møre og Romsdal med fokus på 2. verdskrigen og fellesskap. Mellom anna skal dei til Ergan kystfort som ligg i Bud i Fræna.