
På Møre Skodje blei det fredag arrangert misjonsløp til inntekt for Åpne Dører. Elevane hadde ansvar for å skaffe sponsorar. Pengane som vart samla inn går til Åpne Dører.
Helge Åkernes i organisasjonen var heiande og heilhjarta til stades under løpet.
- Dette er fantastisk! Elevane viser stort engasjement. Dette er veldig bra!
I løpet av veka har elevane arbeidd med prosjektet.
- Vi som har hatt ansvar for opplegget denne veka har ynskt å setje elevane inn i dei utfordringane det er å vere born av forfølgde kristne. Mellom anna har vi hatt fokus på eit nytt problem som har dukka opp under pandemien: Dei kristne får ikkje same nødhjelpa som andre får. Dei er bakerst i køen, seier Helge.
Elevane har også lært meir om andre land og om ulike land sitt flagg.
- Det er fantastisk at misjonsveka kan kuliminere i eit sånt engasjement under misjonsløpet.
Elevane sprang kohort-vis, og det ivrige personalet var enten med i arrangør- eller heiagjengen – eller sprang sjølve.
På bileta så ser ein dei yngste elevane før start, samt engasjerte lærarar.