Vi har ledig stilling som teiknspråktolk

Vi søkjer no etter - Teiknspråktolk
Vi søker etter ein teiknspråktolk. Ansvaret vil vere å fylgje ei klasse på barneskulen og vere tolk i klasserommet.
Stillinga er midlertidig frå 01.08.24 – 31.07.25, med moglegheit for forlenging. Stillingsstorleiken er på 80% fordelt over fire arbeidsdagar (månd.-fred.).
Ønska kvalifikasjonar og utdanning:
- Utdanning som teiknspråktolk
Personlege eigenskapar:
- Har godt humør og gode samarbeidsevner
- Kommuniserer godt med born og vaksne
Arbeidsoppgåver:
- Tolking i klasserom
- Samarbeide med team på trinnet
- Delta på relevante møter, arrangement og kontaktmøter
- Vere med i utviklingsarbeid
Me tilbyr:
· Eit godt arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar
· Løn etter tariff og ansiennitet
Å drive ein kristen friskule krev engasjement og fleksibilitet, og det er viktig at alle i personalet vil gjere sitt ytterste for å skape eit godt miljø med levande kristendom på skulen – slik at elevane kan trivast, vere trygge og få eit godt utbytte av skuletida. Alle tilsette ved skulen må kunne identifisere seg med, og arbeide aktivt for å fremje formålet og det kristne verdigrunnlaget for skulen. Den som blir tilsett, må også kunne leggje fram politiattest.
Spørsmål om stillinga kan rettast til:
post@moreskodje.no
Søknadsfrist: 07. juni 2024
Søknad med CV sender du
pr. e-post: post@moreskodje.no
eller pr. post: Møre barne- og ungdomsskule Skodje
v/Hilde Renate S. Sleveland
Brusdalsvegen 750
6260 Skodje
Merkast med "søknad"