Kva skjer om ein søker plass på skulen ?

Kva skjer om ein søker plass på skulen? 

Skulen tek inn elevar i samsvar med eit eige inntaksreglement  


Hovudinntaket har frist 1.februar våren før eleven skal starte på skulen.

Skulen er open for alle elevar som søkjer om skuleplass, så sant der er plass i klassen.

Skulen tek inn elevar fram til skulestart hausten kvart år, men kan ta inn elevar gjennom skuleåret på særskilte vilkår
(jfr. inntaksreglement).


Søkjarar vert i hovudsak tilbydd skuleplass kronologisk etter når elevane søkjer om skuleplass, og det vert difor tilrådd å søkje tidleg. Når skulestarten nærmar seg vil søkjarar verte invitert til samlingar på skulen for å verte kjend med både skulen og potensielle medelevar. Dersom ein vert tilbydd skuleplass, må ein i løpet av våren før skulestart takke ja eller nei til skuleplassen ein har søkt på.


Skulen sitt INNTAKSREGLEMENT

Tilbake til "ofte stilte spørsmål"
Share by: